Spheric melodies
[EN] [ES] [EE] [CZ] [NO] [SÁ] [IT] [RU] [CN] [HU] [FR] [PL] [RO] [EO]

Ein alv frå Musikkens vidunderverd

I følgje soga har samane lært å joike hos dei underjordiske. Også den dag i dag går dei underjordiske for å vere dei beste joikarane. Men den nye tida bar bod om at nissar og dvergar skulle sprengast her ut. I framsteget sitt namn. Slik måtte dei underjordiske i lang tid bokstavleg talt holde ein låg profil.
    Eg er likevel så heldig at eg har møtt, og blitt kjend med ein alv. Nils Johansen heiter han. Han bur i ein kjellar. Den er full av musikkinstrument, lydjusteringsknappar, høgtalarar og tonar.
    Nils er ein av pionerane i Noreg på elektronisk musikk. Allereie frå den tida då synthesizerane berre hadde eit lite vindauge med røde lysdiodar sat han og skapte musikk. Men musikk var ikkje noko nytt for han før det heller. Alt frå barndommen har han spelt fele og opptrådt for publikum.
    Saman med Geir Jenssen skapte han i 1986 Bel Canto. Etter kvart blei gruppa utvida med Anneli Drecker, og etter 1991 har Bel Canto bestått av Nils og Anneli. Nils, den musikalske trollmannen, Peter Pan som tar oss med. Og Bel Canto med sitt unike uttrykk blei verdskjend. 7 plater , x-antal internasjonale turnear og eit par Spelemannsprisar er det blitt. Gjennom snart 20 år har dei levert groovy mystikk til eit verdsomspennande publikum. Shimmering, warm and bright. Skimrande, varm og opplyst. Slik er han, musikkmennesket Nils.
    Han er stille. Unnselig. Værer i luften som eit dyr, nesten. Tanken er sylskarp, men endå leikande. Rariteter trillar fram i lag med kuriøs kunnskap. Og bakom syng tonane. Frå studioet i kjellardjupet stig dei, tonane. Mektig. Luftig. Manande.
    Nils Johansen. Eller skulle vi kanskje seie Nillas? For no reiser han på oppdagarferd inn i joikens verden. Med stort tålmod har han lytta seg inn i eit urgamalt univers. Nye skapelsesprosessar demrar, lys finn vegen. Nye klangar formast. Musikk blir.
    Eg er altså så heldig at eg er blitt kjend med denne moderne alven. Saman med han og felespelaren Kristin Mellem har vi skapt gruppa Vajas. Vajas tyder ekko. Eit ekko som heng igjen lenge etter at lyden er forstumma. Kombinasjonen er mektig kosmisk elektronika versus vill joik og felespell. Varlig lyttande. Heftig pulserande. Om nokre veker møter du Vajas på festivalscenen til Riddu Riđđu.
    Dette har vært Nils sitt første møte med joiken. Måten han har møtt joiken på har fått meg til å fryde meg over livet. Denne oppdagingsfararen er nitidig i sitt laboratorale arbeid. Lytter, analyserer. Ventar. Og: hiv seg over arbeidet når den kreative fossen kjem.
    Nils Johansen. Ein musikalsk trollmann. Ein snirkeltenkar. Ein særing i ordet si beste tyding. Ein triveleg kar, eit leikande, tenkande menneske. Shimmering. Warm. Bright.
    Godt er det at dei underjordiske framleis likar å holde på med joiken. Det gjer nye spennande reiser for joikane, for menneska og sikkert for alvane og.

Vajas from the Icy Arctic
Dag og Tid logo
12. Juni 2004
Tekst: Ánde Somby

portrett av Nils
1